Printed from Eigil Bergs homepage - 29-03-2024 08:03:05
Nye spor på vinyl 2019

Rockeveteranane

18.08.2014
NJS spilte for to smekkfulle hus i helgen, først på festival i Ulsteinvik fredag, så under Tromsøfestivalen lørdag. Se oppslaget og les intervju med Eigil, der han nå gjengis på nynorsk ang. festivalen i Ulsteinvik.

http://regionavisa.visto.no/webbook/2014-08-13_2/#37


New Jordal Swingers er klare for Trebaatfestivalen.
NJS 2014 frå venstre: Eigil Berg, Svein Finjarn, Bjørn Kristiansen, John Kolloen, Ole Marius Melhuus)



Foto: Helge Jørgensen /
Geir A. Karlsson






– Då eg starta det første kjellarbandet i konfirmasjonsalderen drøymde eg ikkje om at eg som 64-åring framleis skulle stå på scena og spele låtane mine, seier New Jordal Swingers-sjef Eigil Berg.

Det som ein gong var det mest populære bandet i Norge opptrer fredag i Ulsteinvik i samband med Trebaatfestivalen.

– I år er det førti år sidan New Jordal Swingers vart starta, då som backingband for Per «Elvis» Granberg, - ein av 1950-talsrockarane her i landet. I 1974 bestemte han seg for å gjere comeback, ringde meg, og vi sette saman første utgåva av New Jordal Swingers, fortel Berg. Som allereie den gongen hadde spelt i band i ein tiårsperiode. I åra som følgde, heldt bandet fram på eiga hand, skreiv sitt eige materiale, gav ut minst ei ny plate per år, og spelte 200 konsertar i året. Og vart uhyre populære her til lands, ein periode også i Danmark.

Jubileumsår
– I år har vi feira 40-årsjubileum, og gjeve ut plata «Elleve sanger» med nyskrive materiale. Det var lenge sidan sist, så vi tenkte det var på tide at vi viste at vi framleis kunne skrive musikk, ler Berg.

– De har vel spelt temmeleg mange gonger på søre Sunnmøre tidlegare?

– Å ja! Vi spelte jo på alt frå utandørsfestivalar om sommaren til bygdefestar om vinteren. Konkurrentane var blant andre Åge Aleksandersen og Terje Tysland, og det kom ekstremt mykje folk på bygdedansane – eit fenomen som det vart nesten slutt på. Ein kjenning har rekna ut at vi spelte rundt fire tusen konsertar i løpet av 1970- og 1980-talet. Vi fann tidleg ut at Norge var meir enn Oslo, så vi har sett heile landet, seier Berg.

Beatles
I dag er det han og trommeslagar John Kolloen som er att frå originalbesetninga, men i samband med 40-årsmarkeringa av bandet, turnerer New Jordal Swingers i år med to tidlegare medlemmer, Svein Finjarn (NJS-gitarist på 1970-talet) og Bjørn Kristiansen (NJS-gitarist på 1980-talet). Finjarn si historie som rockar byrja allereie i 1961 med Beatniks, som i 1963 var oppvarmingsband for sjølvaste the Beatles i Sverige. Kristiansen var med i ei av Norges første heavygrupper, Aunt Mary, for førti år sidan. – Begge to var med på nyeplata og alle konsertane vi held no i 2014, fortel Berg, som framfører både nytt materiale og gamle hits på Trebaatfestivalen.

Rolegare tempo
– Kva er årsaka til at bandet har halde ut i heile førti år?

– Det hadde aldri gått om det skulle vere like hektisk som på 1970- og 1980-talet. No for tida har vi lange pauser frå kvarandre, og jobbar med eigne prosjekt. Eg har jo også fleire soloprosjekt bak meg. Men eg må innrømme at eg ikkje er meir blasert enn at eg føler meg veldig glad når eg merkar at folk set stor pris på låtar eg skreiv for tretti – førti år sidan, seier Berg. Det næraste bandet kom å verte oppløyst var i 1982, då eit steinras mellom Florø og Førde tok livet at to teknikarar, bassist Håkon Vellesvik og gitarist Finn John Andresen. Ulykka skjedde 18. februar 1982.

– Ei forferdeleg tragedie, og hardt å leve vidare med for oss tre som overlevde, eg, John Kolloen og Ivar Hovden. Over eitt år seinare bestemte vi oss for likevel å halde fram med New Jordal Swingers, fortel Berg.



Ulsteinvik 15.08.2014
Foto: Eli Naas













.: Tekst: Svein Nordal .:. 18.08.2014 :.
 


Utviklet av Atilla Moen-Duran